Nettdialog SKOG nr. 2 - kommunen sine skogrelaterte oppgåver, tilskotsforvaltning og -utbetaling knytt til skogsvegar
- Dato:
- 16. juni 2020 09:00 - 10:00
- Sted:
- Nettmøte - lenke vert sendt til deltakarane
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunepolitikarar og -forvaltninga
Vårt første webinar er gjennomført og tilbakemeldingane er oppmuntrande. Vi har fått mange gode innspel som vi vil følgje opp etter kvart.
Totalt planlegg vi 5 skogrelaterte webinar i år, dette vert nr. 2. Denne gongen ynskjer vi å formidle og diskutere kva som er lovpålagde oppgåver i kommunen relatert til skogforvaltning. Kva slags kryssingspunkt til andre lover og forskrifter, t.d. naturvern må vi vere merksame på? Kva er lovpålagt, kva treng vi av retningsliner, kva MÅ gjerast, kva er lurt eller berre “kjekt” å gjere?
Mellom desse oppgåvene er ansvaret for tilskotsforvaltning for mellom anna skogsvegar. Kva må vi kunne forvente av kommuneforvaltninga? Kva slags moglegheiter for næringsutvikling innan skog gjev dette?
Stadig vekk får vi spørsmål om praktiske tips for søknadsvurdering og tilskotsutbetaling, vilkår på skogsvegar og utforming av løyvingsbrev. Vi tek litt om dette, og lover at skogveg vert eit eiget tema i ein av dei neste nettdialogane SKOG.
Med dette ynskjer vi å invitere dykk til Nettdialog SKOG 16.juni, kl.9 – 10.
Som alltid treng vi dialog og tek imot innspel og spørsmål på forhånd slik at vi kan tilpasse desse webinarane til det kommunane ser som viktigast. Vi takkar for alle innspel vi allereie har fått i spørjeundersøkinga!
Lenka til arrangementet vert sendt til dei påmeldte dagen før.
- Dato:
- 16. juni 2020 09:00 - 10:00
- Sted:
- Nettmøte - lenke vert sendt til deltakarane
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunepolitikarar og -forvaltninga
Kontaktpersoner
-
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 / 97 14 41 24 -
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50