Kurs i akuttmedisin for LIS1 Nordhordaland legevakt

Dato:
10. mars 2021 10:00 - 11. mars 2021 16:00
Sted:
Hagellia Matstove, Hagellia 6, Isdalstø
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta under Helse Bergen og Helse Fonna
Påmeldingsfrist:
22. februar 2021 23:59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2021 og er ei blanding av teori og praksis. Merk at dette kurset er identisk med kurset 8.-9. mars. Du skal delta på eit av dei.

Publisert 14.01.2021

Alle må gjennomføre eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legvaktmedisin. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.

På grunn av covid-19 og smittevern, held Nordhordaland legevakt to identiske kurs 8.-9. mars og 10.-11. mars. Det er «førstemann til mølla prinsippet», så du kan bli flytta til det andre kurset, om kurset du har meldt deg på er fullt.

Kurset er godkjent som emnekurs i den norske legeforening. Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting etter behov. De må sjølv ordne med overnatting. Reiserekninga skal sendast til NHLV (Nordhordaland legevakt)

Dersom du har spørsmål ta kontakt med driftsleiar NHLV Erna Fosse på e-post

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.

Dato:
10. mars 2021 10:00 - 11. mars 2021 16:00
Sted:
Hagellia Matstove, Hagellia 6, Isdalstø
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta under Helse Bergen og Helse Fonna
Påmeldingsfrist:
22. februar 2021 23:59