Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
16. mars 2021 09:00 - 14:00
Sted:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
14. mars 2021 23:59

På denne digitale samlinga deltek namsmannen, og vi får innlegg om aktuelle tema innanfor tvangsfullføring og gjeldsordning. Det er opna for påmelding.

Publisert 22.01.2021, Oppdatert 15.03.2021

Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve. 

På samlinga deltek tilsette frå Namsfogden i Bergen frå seksjonane tvang (utleggsforretning) og gjeld (gjeldsordning), Namsmannen i Bjørnafjorden og Namsmannen i Nordfjord.

Tema for innlegga vert mellom anna: 

  • Nytt frå Namsmennene: statistikk, sakshandsamingstid for tvang og gjeld
  • Praksis hos dei ulike namsmennene når det gjeld utleggstrekk 
  • Utleggspant i ideell del av bustad
  • Gjeldsordningssaker

Vi oppmodar deltakarane på nettverkssamlinga om å sende inn spørsmål/problemstillingar til namsmennene knytt til tvangsfullbyrding og/eller gjeldsordning på førehand via lenkje eller QR-koden under: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=jqVvilNR-kuai1c9mFpBhrRp916_M2pCtSHVPDnVO-VUMUs2RzBKUDE3T0lCUU1LRkREUzJLQ1hQQy4u 

Endeleg program finn du her

Om påmelding og oppkoblingslenkje

Påmelding til samlinga skjer kun via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sendast til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet.

Vi ber dykk merke dykk påmeldingsfristen som er søndag 14. mars 2021 kl. 23:59.

Statsforvaltaren sender ut møteinnkalling med oppkoblingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet seinast tysdag 16. mars kl. 08.00.

Merk at du berre kan melde deg på dette arrangementet ved å fylle ut skjemaet nedst på denne sida. Du vil då få ei stadfesting via e-post. Det held ikkje å klikke på «+ Legg til i eigen kalender».

Dato:
16. mars 2021 09:00 - 14:00
Sted:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
14. mars 2021 23:59