Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 1. september 2021 09:00 - 14:00
- Sted:
- Digitalt - nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
- Påmeldingsfrist:
- 31. august 2021 12:00
På samlinga får vi innlegg frå Skattehjelpen, Gjeldsregisteret, Nav Alver, Nav Bergenhus og Nav Fensfjorden. Du kan melde deg på samlinga no.
Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.
Program
På første samling etter sommarferien får vi fleire innlegg og presentasjonar.
Skattehjelpen held innlegg om kva skatteytarar som kan få hjelp frå dei, kva hjelp dei kan få og vilkåra for dette.
Gjeldsregistreret presenterer registeret og seier noko om kva trendar dei ser.
Nav Alver presenterer digitalt kurs i privatøkonomi som dei har utvikla. Kurset blei lansert 1. juli i år.
I tillegg presenterer Nav Bergenhus og Nav Fensfjorden nyoppstarta prosjekt innan økonomisk rådgjeving.
Det vert lagt opp til dialog og spørsmål/innspel under innlegga. Om de har spørsmål allereie no, kan de sende dei direkte til Inger-Helene Søgnen på e-post. Kontaktinformasjon finn de under fana «Kontaktpersonar».
Endeleg program for samlinga kjem. Vi tek atterhald for eventuelle endringar i tidsramme.
Om påmelding og oppkoblingslenkje
Påmelding til samlinga skjer kun via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sendast til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet.
Vi ber dykk merke dykk påmeldingsfristen som er 31. august 2021 kl. 12.00.
Statsforvaltaren sender ut møteinnkalling med oppkoblingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet etter påmeldingsfristen er gått ut, men seinast onsdag 1. september kl. 08.00.
- Dato:
- 1. september 2021 09:00 - 14:00
- Sted:
- Digitalt - nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
- Påmeldingsfrist:
- 31. august 2021 12:00