Møte om rekruttering til og stabilisering av fastlegeordninga i Vestland
- Dato:
- 8. mars 2022 08:30 - 11:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommuneoverlegar, leiarar i allmennlegeutval og andre som jobbar med rekruttering av fastlegar i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 3. mars 2022 23:59
Statsforvaltaren i Vestland inviterer kommuneoverlegar, leiarar i allmennlegeutvala og andre som jobbar med rekruttering av fastlegar i kommunane til digitalt møte. Bakgrunnen for møtet er aukande rekrutteringsvanskar av fastlegar nasjonalt, også i Vestland.
Statsforvaltaren har fått i oppdrag å bistå kommunane i utfordringar med å rekruttere til, og å stabilisere fastlegeordninga. Statsforvaltaren skal ha oversikt over kapasitet i fastlegeordninga i kommunane i fylket, og følgje opp kommunar med underdekning av fastlegar, og lav andel plassar på opne fastlegelister.
Vi ønskjer å ha eit møte der vi har ein konstruktiv dialog med kommunane om korleis situasjonen kan betrast, og få fram gode innspel for korleis kommunane skal kunne betre rekruttering av fastlegar. Vi inviterer også leiarar i allmennlegeutvala, for å ha fastlegane med i diskusjonen.
Program for samlinga finn de under "Dokument".
- Dato:
- 8. mars 2022 08:30 - 11:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommuneoverlegar, leiarar i allmennlegeutval og andre som jobbar med rekruttering av fastlegar i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 3. mars 2022 23:59
Kontaktpersoner
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42