Kommunane møter staten

Dato:
24. januar 2023 12:00 - 25. januar 2023 12:30
Sted:
Solstrand Hotel & bad
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar, leiarar i fylkeskommune, KS og statlege etatar
Påmeldingsfrist:
5. januar 2023 23:30

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Vestland, fylkeskommunen, regionråda, KS og andre statlege etatar til konferanse på Solstrand Hotel i Os, 24. og 25. januar.

Publisert 19.12.2022

Vi håpar vi får ei hyggeleg samling, og vår nye statsforvaltar Liv Signe Navarsete vil leie samlinga. Vi arbeider med å få ferdigstilt programmet, og vil legge dette ut så snart vi får alt klart. Vi vil få innlegg frå Marte Mjøs Persen om busetjingsutfordringane for nye flyktningar i 2023, frå Elisabeth Aarsæther, DSB, om totalberedskap, frå Astrid Arnslett, Cicero, om klimatilpassing, og vegnytt frå Tone Oppedal, Statens vegvesen. I tillegg blir det innlegg frå fylkesordførar og statsforvaltar, med meir.

Vi får dessutan beskjed i klårtekst frå Linda Eide: "KLINKANDE UKLART - Godt språk, klar tale, kvifor går det så ofte gale?"

Overnatting (kr 3 120,-) inkluderer rom, lunsj, middag, og møtepakke dag 1. Lunsj avreisedag kjem i tillegg (kr 470,-). For dei som ikkje skal overnatte kan ein velje dagpakkar (kr 850,- per dag), og eventuelt middag om kvelden dag 1 (kr 660,-). 

Vi gjer merksam på at alle gjer opp for seg sjølve ved utsjekk.

Påmeldingsfrist: 5. januar 2023.

Påmeldingsfristen er ute. Ta kontakt med Marit Lunde eller Edvard Høgestøl om du har spørsmål.

Dato:
24. januar 2023 12:00 - 25. januar 2023 12:30
Sted:
Solstrand Hotel & bad
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar, leiarar i fylkeskommune, KS og statlege etatar
Påmeldingsfrist:
5. januar 2023 23:30