Samling om integreringslova 2. mars 2023

Dato:
2. mars 2023 09:00 - 11:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i kommunen som har oppgåver innanfor integreringslova
Påmeldingsfrist:
22. februar 2023 00:00

Vi inviterer til ei digital samling om integreringslova den 2. mars 2023 frå kl. 09.00 til 11.00 på Teams.

Publisert 07.02.2023

Fritak frå opplæring og avsluttande prøve, integreringsplan og krav til enkeltvedtak, stans av introduksjonsprogrammet og fråvær og permisjon vil vere aktuelle tema for samlinga.

Samlinga vil vere relevant for tilsette i kommunen som har oppgåver innanfor integreringslova. Vi set i utgangspunktet ikkje eit tak for kor mange som kan delta frå kvar kommune, men ved mange påmelde kan dette bli nødvendig.

Program og invitasjon til Teamsmøte vert sendt ut i god tid før samlinga.

Frist for påmelding er 22. februar 2023. Du kan melde deg på samlinga i vårt påmeldingsskjema.

Ta kontakt med Alan Khaderi på e-postadresse alkha@statsforvaltaren.no eller telefon 57 64 31 07 dersom de har spørsmål om samlinga.

Dato:
2. mars 2023 09:00 - 11:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i kommunen som har oppgåver innanfor integreringslova
Påmeldingsfrist:
22. februar 2023 00:00

Kontaktpersoner

Lenker