Regional erfaringskonferanse for Kompetanseløftet

Dato:
8. november 2023 11:30 - 9. november 2023 14:00
Sted:
Clarion Hotel Energy, Stavanger
Arrangør:
Utdanningsdirektoratet og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i kommune/fylkeskommune, barnehage, skule, SFO, PPT og andre relevante tenester i kommunen, Statsforvaltaren, UH

Hovudtema for konferansen er korleis byggje eit godt lag kring barn og elevar.

Publisert 05.05.2023

Utdanningsdirektoratet og Statsforvaltaren i Rogaland arrangerer erfaringskonferanse om Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i Stavanger 8. og 9. november 2023.

Konferansen tek sikte på å gje deltakarane relevant fagleg påfyll, moglegheit til å dele erfaringar på tvers av fylkesgrensene, og slik gi inspirasjon og støtte til vidare arbeid med Kompetanseløftet.

Konferansen er for deltakar frå fylka Møre og Romsdal, Vestland, Agder og Rogaland.

Kompetanseløftet er eit tiltak for leiarar og tilsette i barnehage, skule og PPT, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna og elevane som har behov for det. Målet er at alle barn og unge opplever eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.

Du kan melde deg på og finne meir informasjon om konferansen her.

Dato:
8. november 2023 11:30 - 9. november 2023 14:00
Sted:
Clarion Hotel Energy, Stavanger
Arrangør:
Utdanningsdirektoratet og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i kommune/fylkeskommune, barnehage, skule, SFO, PPT og andre relevante tenester i kommunen, Statsforvaltaren, UH