Naturmangfaldveka 2024
- Dato:
- 16. januar 2024 12:00 - 19. januar 2024 11:00
- Sted:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar, konsulenter, andre interesserte.
- Påmeldingsfrist:
- 14. januar 2024 16:00
For tredje år på rad inviterar vi kommunane og andre interesserte i Vestland til eit webinar om naturmangfald og praktisk forvaltning. Hold av dagane!
Er du interessert i tema som naturavtalen, verneprosessar, konsekvensutgreiingar i arealsaker, arts- og naturkartlegging, naturrestaurering og motorferdsel i utmark? Dyktige fagfolk frå mellom anna akademia, fagorganisasjonar og kommunane delar kunnskap og erfaring med oss.
Naturmangfaldveka blir arrangert tysdag til fredag 16. til 19. januar 2024. Vi følgjer same mal som sist, med fire korte økter tidleg på året.
Programmet byr på fagleg påfyll av ulikt slag, og er basert på evalueringane vi fekk etter førre naturmangfaldveke. Slik håpar vi at du finn programmet relevant for arbeidsdagen på alle våre grøne og blå arbeidsplassar.
Programmet ligg tilgjengeleg i høgrefana i denne nettartikkelen. Vi tek atterhald om mindre endringar i programmet.
Delta ved å trykke på lenkjene under
Vi har lagt alle møtelenkjene her, så viss du ikkje har meldt deg på enno, så kan du framleis delta ved å trykke på den aktuelle lenkja på den aktuelle dagen!
Vi sender ikkje ut kalenderinnkalling (grunna GPPR), men du koplar deg på den enkelte dagen via deltakarlenkja under. Delta på dei dagane du vil. Vi opnar lobbyen til webinaret to-tre minutt før start og startar presis.
Deltakarlenker (klikk på dagens tittel for å komme inn i webinaret):
Tysdag 16. januar kl. 12.00 - 14.00: Naturavtalen og vestlandsnaturen
Onsdag 17. januar 09.30 - 11.15: Konsekvensutgreiingar og naturkartlegging
Torsdag 18. januar 09.30 - 11.15: Restaurering av natur!
Fredag 19. januar 09.30 - 11.00: Motorferdsel i utmark
Praktisk informasjon og program
Webinaret vert teke opp, og opptaket vil ligge på våre heimesider i 14 dagar etter arrangementets slutt. Deretter blir opptaket fjerna. Presentasjonen frå den enkelte foredragshaldar i pdf-format vil bli liggjande tilgjengeleg i lang tid. Det vil vere mogleg å stille spørsmål under arrangementet via Q&A-funksjonen, og vi har avsett tid til spørsmål vi vil løfte fram i plenum.
Her finn du lenkje til opptak og presentasjonar frå naturmangfaldveka 2024!
- Dato:
- 16. januar 2024 12:00 - 19. januar 2024 11:00
- Sted:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar, konsulenter, andre interesserte.
- Påmeldingsfrist:
- 14. januar 2024 16:00
Kontaktpersoner
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47