Digital fagsamling for barnevernstenestene

Dato:
4. april 2024 09:00 - 15:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i dei kommunale barnevernsteneste i Vestland, og samarbeidspartnarane til læringsnettverket, brukarorganisasjonane, kompetansemiljøa, KS og Bufetat
Påmeldingsfrist:
1. april 2024 23:59

Læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland inviterer alle tilsette i kommunal barnevernsteneste til samling.

Publisert 21.02.2024, Oppdatert 21.03.2024

Det vert Statsforvaltaren sitt hjørne med aktuelt om lovverk, nasjonale rettleiarar og erfaringar frå tilsyn. Vi inviterer også kompetansemiljøa, brukarorganisasjonane og Barne, ungdoms-, og familieetaten (Bufetat) til å halde innlegg om siste nytt på sine felt. For å delta på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida.

Tema på samlinga

Tema på samlinga vert hjelpetiltak, rekruttering av fosterheimar og oppfølging av foreldre etter omsorgsovertaking, nye krav om rettleiing til tilsette i barnevernstenesta og koordinerte tenester til barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester. 

Samlinga tek sikte på å bidra til erfaringsutveksling mellom kommunane. Som ein del av ei stor satsing på gode og heilskaplege tenester til barn og unge, samarbeider mange av kommunane om ulike utviklingsprosjekt. Fleire av prosjekta har som mål å bidra til auka kvalitet i tenestetilbodet, fosterheimsarbeidet og tilgang på verksame hjelpetiltak til utsette barn, unge og deira familiar. Vi får høyre frå nokre av desse utviklingsprosjekta. 

Styringsgruppa vil også informere om planlagde aktivitetar i læringsnettverket og fristar for å søke om nye tilskot. Program finn du under «Dokument».

Praktisk informasjon

Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet blir sendt ut 2. april.

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møte og kan delast med medarrangørar. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
4. april 2024 09:00 - 15:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i dei kommunale barnevernsteneste i Vestland, og samarbeidspartnarane til læringsnettverket, brukarorganisasjonane, kompetansemiljøa, KS og Bufetat
Påmeldingsfrist:
1. april 2024 23:59