Webinar om realkompetansevurdering
- Dato:
- 24. september 2024 12:00 - 14:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Lærarar og leiarar i forberedande opplæring for vaksne. Lærarar og leiarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Tenesteleiarar utdanning.
- Påmeldingsfrist:
- 20. september 2024 23:00
I samband med ny opplæringslov hausten 2024 og innføringa av modulbaserte læreplanar i forberedande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne, arrangerer Statsforvaltaren webinar om realkompetansevurdering.
Formålet med å modulstrukturere læreplanane i vidaregåande opplæring for vaksne og forberedande opplæring for vaksne, er å effektivisere utdanningsløpet til deltakarane og bidra til at ingen blir nøydt til å gjennomføre meir opplæring enn det som er naudsynt for å oppnå ønska sluttkompetanse. Realkompetansevurdering blir avgjerande for å kartleggje og innplassera deltakarane på rett nivå, og for å setje saman opplæringsløpet til den enkelte.
I dette nettseminaret tek vi sikte på å gi dykk ei innføring i regelverket, og korleis realkompetansevurdering og modulstrukturerte læreplanar heng saman. Vidare skal vi ta føre oss sentrale omgrep og prinsipp i høve realkompetansevurdering, og ta del i erfaringar gjort gjennom forsøka med modulstrukturerte læreplanar.
Bidragsytarar
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Direktoratet for Høgare utdanning og kompetanse
- Anette Lund Follestad – Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studie ved OsloMET
- Agder fylkeskommune/Karriere Agder
- Bryne kompetansesenter – Jan Ove Tobiassen
Videoane frå webinara er tilgjengelege på nettstaden vår til og med 22. oktober.
Del 1:
Del 2:
- Dato:
- 24. september 2024 12:00 - 14:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Lærarar og leiarar i forberedande opplæring for vaksne. Lærarar og leiarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Tenesteleiarar utdanning.
- Påmeldingsfrist:
- 20. september 2024 23:00