Digital fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming

Dato:
17. oktober 2024 12:00 - 15:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Vestland
Påmeldingsfrist:
14. oktober 2024 23:59

Vi inviterer overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane til digital fagsamling. 

Publisert 27.08.2024, Oppdatert 03.10.2024

Denne samlinga erstattar den planlagde fysiske samlinga med same tematikk, 17.-18. oktober (Fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9), som er avlyst.

Temaet for den digitale samlinga blir erfaringane våre frå tilsyn og saksbehandling, diskusjon og innspel til korleis vi skal legge opp dei framtidige samlingar for overordna faglege ansvarlege. I tillegg andre problemstillingar frå kommunane. Program finn du under "Dokument". 

Samlinga er for dei med overordna fagleg ansvar for kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova, og dei som fungerer i denne rolla.

Send inn aktuelle tema og problemstillingar

Det vert sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar. Vi inviterer kommunane til å senda inn tema eller problemstillingar de ønskjer å ta opp. Har du problemstillingar du ønskjer å ta opp på samlinga, send dei på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», innan 7. oktober.

Praktisk informasjon

Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer». Oppkoplingslenkje blir sendt ut til påmelde deltakarar, seinast dagen før samlinga.

Påmeldingsskjema

Dato:
17. oktober 2024 12:00 - 15:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Vestland
Påmeldingsfrist:
14. oktober 2024 23:59