Fagsamling - Barnehagemyndigheita
- Dato:
- 13. november 2024 09:00 - 15:30
- Sted:
- Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1, 5012 Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, ved Per Sindre Thoresen Aaland
- Målgruppe:
- Tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita.
Statsforvaltaren i Vestland inviterer til fagsamling om barnehagemyndigheitsrolla. Samlinga tek stad 13. november på Grand Bergen.
Dei aller fleste barn i barnehagealder går i barnehage. Barnehagemyndigheita har derfor ei viktig rolle når det kjem til å sikre at alle barn får eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. Som ei forlenging av førre fagsamling for barnehagemyndigheitene i april, vil vi no gå djupare inn dei ulike pliktene og oppgåvene som barnehagemyndigheita har i denne samanheng. Med denne samlinga ynskjer Statsforvaltaren å fasilitere ein arena der kommunane kan hente inspirasjon og dele erfaringar kring utførselen av desse oppgåvene.
Samlinga rettar seg mot tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita.
Samlinga er gratis å delta på, men deltakarane må sjølve dekkje reise og overnattingskostnadar.
De melder dykk med å følgje lenka på høgre side.
Vel møtt.
- Dato:
- 13. november 2024 09:00 - 15:30
- Sted:
- Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1, 5012 Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, ved Per Sindre Thoresen Aaland
- Målgruppe:
- Tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita.