Plankonferansen 2024
- Dato:
- 5. november 2024 09:00 - 6. november 2024 16:00
- Sted:
- Radisson Blu Royal Hotel, Bergen
- Arrangør:
- Vestland fylkeskommune i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Planleggjarar, næringsutviklarar, kommunedirektørar og politisk leiing i kommunane.
- Påmeldingsfrist:
- 7. oktober 2024 23:59
Årets plankonferanse for Vestland blir arangert 5. og 6. november. I år er tema for konferansen "Omstilling til bærekraft - planlegging for grøn næringsutvikling".
Konferanse blir arrangert i Bergen på Radisson Blu Royal Hotel som ligg på Bryggen. Arrangørar er Vestland fylkeskommune i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland.
God planlegging legg premiss for næringsutvikling i ei tid med store omstillingskrav og press på naturverdiar og allmenne interesser. Avgjerdene om tilrettelegging for grøn næringsutvikling skjer gjennom kommunane si planlegging.
På konferansen vil vi sette planlegging for grøn næringsutvikling i ein samanheng, mellom anna vil kommunen sitt handlingsrom og ansvar vere tema og det blir fokus på politikerrolla. Vi har og sett av tid til politiske kommentarar frå ordførarar i Vestland om grøn næringsutvikling, krav til omstilling og press på areal og natur. På dag to startar vi med tre parallelle sesjonar. I sesjon ein er tema masseforvaltning, i sesjon to fokuserer vi på kommunane si rolle i næringsutvikling og i tredje sesjon vil vi sjå på potensialet i planlegging for næringsutvikling. Vi avsluttar i plenum med aktuelle døme frå kommunane i Vestland, status for areal i Vestland og oppfølging av utviklingsplanen for Vestland.
Påmelding, praktisk informasjon med meir på Vestland fylkeskommune sine nettsider.
- Dato:
- 5. november 2024 09:00 - 6. november 2024 16:00
- Sted:
- Radisson Blu Royal Hotel, Bergen
- Arrangør:
- Vestland fylkeskommune i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Planleggjarar, næringsutviklarar, kommunedirektørar og politisk leiing i kommunane.
- Påmeldingsfrist:
- 7. oktober 2024 23:59