Digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre i kommunane
- Dato:
- 5. desember 2024 09:00 - 13:15
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Samlinga har ei brei målgruppe. Temaet rettar seg mot tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, BUP, familietenesta, Nav, og tenester og tiltak retta mot barn og unge, integreringsarbeid, tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats.
- Påmeldingsfrist:
- 4. desember 2024 12:00
Hjelp, vi skal samarbeide! Kvifor er samarbeid så viktig – og så vanskeleg, og på kva måtar kan vi få auka kvalitet i tenestene gjennom samarbeid?
Dette sentrale og breie området fyller desembersamlinga vår. På samlinga får du praktisk informasjon om offentlege tenester, retta mot born og unge, og korleis ulike fagområde kan koordinere arbeidet, for å gje best mogleg hjelp, til rett tid og frå rett stad.
Du får også innsikt i arbeid som går føre seg på området i Vestland, om nasjonal rettleiar for samarbeid om tenester og om utfordringar og løysingar knytt til samarbeid.
Målet for samlinga er å gje kunnskap og inspirasjon til å skape endå betre og meir heilskaplege tenestetilbod til barn, unge og familiane deira.
Praktisk informasjon og påmelding
Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til den e-postadressa du har ført i skjemaet. Påmeldingsfristen er 4. desember klokka 12.00.
Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Innan 5. desember klokka 08.30 sender vi møteinnkalling med oppkoplingslenkje til Teams-møtet til den e-postadressa du har lagt inn ved påmelding.
- Dato:
- 5. desember 2024 09:00 - 13:15
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Samlinga har ei brei målgruppe. Temaet rettar seg mot tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, BUP, familietenesta, Nav, og tenester og tiltak retta mot barn og unge, integreringsarbeid, tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats.
- Påmeldingsfrist:
- 4. desember 2024 12:00