Informasjons- og dialogmøte om barnekoordinator

Dato:
22. januar 2025 09:00 - 11:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest), Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS Bergen) og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS vest)
Målgruppe:
alle med ansvar og oppgåver knytt til barnekoordinatorrolla i kommunane i Vestland
Påmeldingsfrist:
19. januar 2025 23:50

Vi inviterer alle med ansvar og oppgåver knytt til barnekoordinatorrolla til møte der vi legg fram resultat frå kartlegging i Vestland, og forslag til støtte- og opplæringsaktivitetar.

Publisert 13.11.2024

Målet med møtet er å:

  • Legge fram resultata frå kartlegginga om barnekoordinatorordninga som vi gjorde i kommunane i Vestland i oktober og november.
  • Legge fram eit forslag til korleis vi kan gje støtte og opplæring til kommunane i dette arbeidet.
  • Få innspel til korleis vi best mogleg kan tilpasse opplærings- og støtteaktivitetane etter behova til kommunane. I tillegg til at dei blir utforma slik at dei stettar behova, utan å ta meir tid enn naudsynt.

Det er Statsforvaltaren i Vestland, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest), Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS Bergen) og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS vest) som arrangerer møtet.

Du melder deg på via følgjande lenkje: Informasjons- og dialogmøte om opplæring og støtte til Barnekoordinator i kommunane | Helse Bergen HF

Bakgrunnen for kartlegginga

Statsforvaltaren skal bidra med informasjon og råd, og leggje til rette for erfaringsutveksling mellom kommunane der det kan bidra til betre tenester. Vi skal òg følgje med på korleis kommunane arbeider med å få på plass barnekoordinatorordninga.

Med kartlegginga ønskte vi mellom anna å undersøkje om kommunane trong støtte til å få på plass barnekoordinatorordninga, og eventuelt kva støtte.

Dersom kartlegginga syner behov for meir informasjon, støtte eller kontakt med andre  for erfaringsdeling, vurderer vi  å tilby ein digital arena med innhald tilpassa dei behova de skildrar. Målgruppa for aktivitetane kan vere både barnekoordinatorane og dei koordinerande einingane. Vi samarbeider med kunnskapssentera RKBU Vest, RVTS Vest, og KORUS Bergen om dette.

Barnekoordinatorordninga

Alle kommunar skal tilby familiar som har, eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, ein barnekoordinator, dersom foreldra eller den som samtykkjer på vegner av barnet, ønskjer dette.

Plikta til å tilby barnekoordinator er lagt til kommunen, etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2 a. Koordinerande eining i kommunen har overordna ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av barnekoordinatorane.  Barnekoordinatoren har ansvaret for samordninga av tenestene til barnet.

Dato:
22. januar 2025 09:00 - 11:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest), Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS Bergen) og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS vest)
Målgruppe:
alle med ansvar og oppgåver knytt til barnekoordinatorrolla i kommunane i Vestland
Påmeldingsfrist:
19. januar 2025 23:50