Første grupperettleiing
- Dato:
- 7. april 2025 09:00 - 17:05
- Sted:
- Quality Hotel Sogndal
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- LIS1
- Påmeldingsfrist:
- 23. mars 2025 23:59
Grupperettleiinga er eit fagleg supplement til supervisjon og individuell rettleiing i del 1 i kommunane og skal sikra kvaliteten i tenesta.
Publisert 13.02.2025, Oppdatert 17.02.2025
Du finn program for samlinga under «Dokument».
Obligatorisk førebuing
Alle må minst gå gjennom første episode (gjerne alle) i podkurs om motiverande intervju, og lese det som står på Helsedirektoratet sine nettsider om motiverande intervju:
- Motiverende intervju (MI) - Helsedirektoratet
- Podkast: Podkurs i Motiverende Intervju – Apple Podcasts
Vi ber dykk også tenke gjennom og ta med ein kasuistikk der de har møtt ei etisk utfordring i allmennpraksis eller på legevakt gjerne med eit tilsnitt av multikulturell problemstilling og/eller eit folkehelseperspektiv.
Ver merksam på at det er eiga påmelding til kurs i offentleg helsearbeid: Kurs i offentleg helsearbeid
Reiseutgifter
Reiseutgifter vert dekt etter billegaste reisemåte. Vi dekker ikkje flyreiser. Sjå rettleiar for utfylling av reiserekning, som du finn under «Dokument».
Overnatting
Statsforvaltaren ordnar med og dekker overnatting for dei som har krav på det. Samlinga startar tidleg måndag, så dei med lang reiseveg kan koma kvelden før.
Vi dekker ikkje overnatting for LIS1 i Sogndal og Luster. Vidare dekker vi ikkje overnatting dagen før samlinga for kommunane Årdal, Aurland, Lærdal, Sogndal, Luster, Vik, Høyanger, Gloppen og Sunnfjord.
Vi gjer merksam på at dersom du hakar av for overnatting, og ikkje har krav på å få det dekka, så må du betale ved utsjekk.
Stadfestinga du får tilsendt på e-post når du har meldt deg på, er også stadfesting på at vi bookar overnatting for deg.
Det vert felles middag for alle måndag.
Personvern
Ved å melda deg på denne samlinga samtykkjer du til at namn og kontaktinformasjon kan bli delt med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 7. april 2025 09:00 - 17:05
- Sted:
- Quality Hotel Sogndal
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- LIS1
- Påmeldingsfrist:
- 23. mars 2025 23:59