Digital samling om Grunnskulen sitt informasjonssystem (GSI)

Dato:
15. september 2025 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Rektorar og skuleeigarar ved offentlege og private grunnskular
Påmeldingsfrist:
12. september 2025 23:59

Vi inviterer rektorar ved offentlege og private grunnskular og skuleeigarar til ei digital samling om GSI.

Publisert 13.08.2025

Grunnskulens informasjonssystem (GSI) er den offisielle nasjonale oversikta over grunnskuleundervisinga, og utgjer den viktigaste kjelda til statistikk og data om grunnskulen. Statsforvaltaren i Vestland har ansvar for å følgje opp rapporteringa frå fylkets private, fylkeskommunale og statlege grunnskular, samt kommunane. I samband med dette arbeidet inviterer vi rektorar ved offentlege og private grunnskular og skuleeigarar til ei digital samling om GSI.

Samlinga vil vere praksisnær og rettleiande. Vi vil først gi ei kort orientering om korleis de kan førebu dykk til rapporteringa, før vi går gjennom endringar og nyheiter i årets rapportering. Dette omfattar skjema for grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring.

For å gjere samlinga så relevant som mogleg ønskjer vi å svare på spørsmål de måtte ha om GSI. Spørsmåla sender de inn på førehand via påmeldingslenka (sjå høgre marg).

Dato:
15. september 2025 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Rektorar og skuleeigarar ved offentlege og private grunnskular
Påmeldingsfrist:
12. september 2025 23:59