Samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt
- Dato:
- 16. september 2025 11:00 - 15:00
- Stad:
- Skipsbyggerhallen, Solheimsgaten 11, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Påmeldingsfrist:
- 2. september 2025 23:59
Vel møtt til samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt i spesialisthelsetenesta.
Målgruppa for samarbeidsmøtet er tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, nærare bestemt frå desse einingane:
- Helse Bergen:
- Habiliteringstenesta for vaksne
- Habiliteringstenesta for barn og unge
- Autismeteamet
- Helse Førde:
- Habiliteringstenesta for vaksne
- Habiliteringstenesta for barn og unge
- Helse Fonna:
- Seksjon habilitering
Program blir sendt ut til leiar og oppgitt kontaktperson for kapittel 9 i kvar eining veka før samarbeidsmøtet.
Dette er i hovudsak eit fysisk møte, men det vil vere mogleg å følgje møtet via Teams for dei som ikkje har høve til å vere til stades. Vi gjer merksam på at digital møtedeltaking ikkje er optimalt.
Vi serverer lunsj, kaffi og frukt på møtet.
Send oss problemstillingar
På møtet vil vi mellom anna diskutere problemstillingar de møter på i arbeidet dykkar med kapittel 9. Vi ber om at de sender oss problemstillingar som de ønskjer å drøfte på møtet. Leiarar samlar desse opp og sender på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», seinast 2. september 2025.
Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse bli synleg i møtet og Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer.»
- Dato:
- 16. september 2025 11:00 - 15:00
- Stad:
- Skipsbyggerhallen, Solheimsgaten 11, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Påmeldingsfrist:
- 2. september 2025 23:59