Inkluderande bilde og språk som støtter menneskerettane
- Dato:
- 24. oktober 2025 09:00 - 11:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Likestillingssenteret KUN, Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvalteren i Rogaland og Statsforvalteren i Agder
- Målgruppe:
- tilsette som utviklar heimesider og publiserer nettsaker, CRPD-kontaktar i kommunane og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
- 17. oktober 2025 23:59

Vi inviterer til webinar om språk og bildebruk som kan motverke diskriminering og manglande representasjon av menneske med nedsett funksjonsevne i offentleg kommunikasjon.
Likestillingssenteret KUN, Statsforvaltaren i Trøndelag og utvalde pilotkommunar har gjennom prosjektet «Bilder og språk som støtter CRPD» utarbeidd ein rettleiar for arbeidet, som blir presentert på webinaret.
CRPD står for FN-konvensjonen for rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.
Prosjektet skal utvikle eit auka medvit kring normkritisk kommunikasjonsstrategi. Prosjektet ser på korleis dette kan bidra til å motverke diskriminering og manglande representasjon av menneske med nedsett funksjonsevne i offentleg kommunikasjon.
På webinaret vil du også få gode tips til bildetaking og døme frå kommunane.
Program
Tidspunkt |
Innlegg |
09.00 - 10.00 | Om CRPD og bruk av tekst og bilde i samsvar med konvensjonen |
10.00 - 10.10 | Pause |
10.10 - 10.45 | Korleis bruke KI for å sikre betre språk i tråd med menneskerettane? |
10.45 - 11.00 | Spørsmål og oppsummering |
Praktisk informasjon
For å delta på webinaret melder du deg på via skjema nedst på denne sida. Påmeldingslenkje blir sendt ut seinast dagen før. Vi gjer merksame på at webinaret blir teke opp, og vil vere tilgjengeleg i 14 dagar.
Ved å melde deg på samlinga, samtykker du til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-inivitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 24. oktober 2025 09:00 - 11:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Likestillingssenteret KUN, Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvalteren i Rogaland og Statsforvalteren i Agder
- Målgruppe:
- tilsette som utviklar heimesider og publiserer nettsaker, CRPD-kontaktar i kommunane og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
- 17. oktober 2025 23:59