Samling om bruk av varslings- og lokaliseringsteknologi
- Dato:
- 30. oktober 2025 13:00 - 14:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane, og faglege leiarar i tenester til personar med utviklingshemming
- Påmeldingsfrist:
- 28. oktober 2025 23:59
Vi inviterer til digital fagsamling om bruk av varslings- og lokaliseringsteknologi for personar med utviklingshemming. Tema for samlinga er lovendringa som kom 1. september.
Lovendringa tek for seg bruk av varslings- og lokaliseringsteknologi for personar med utviklingshemming. Vi presiserer at samlinga er for overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane, og faglege leiarar i tenester til personar med utviklingshemming.
Les meir om lovendringa i skrivet frå Helsedirektoratet, som du finn under "Lenkjer".
Det blir ikkje opptak av samlinga.
Ved å melde deg på samlinga samtykker du til at namn og e-post blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under "Lenkjer".
- Dato:
- 30. oktober 2025 13:00 - 14:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane, og faglege leiarar i tenester til personar med utviklingshemming
- Påmeldingsfrist:
- 28. oktober 2025 23:59