Webinar om beitebruksplan

Dato:
10. mars 2026 09:30 - 10:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane i Vestland

Korleis kan kommunen legge til rette for god felles bruk av utmarka? Inger Marie Hernes frå Voss herad fortel om prosessen fram til ferdig beitebruksplan.

Publisert 19.02.2026

Beitebruksplanen for Voss synleggjer ressursane i utmarka og legg føringar for å ta vare på desse og for å nytte ressursane optimalt. 

Voss herad er fyrste kommune i Vestland som utarbeider ein kommunal beitebruksplan. Arbeidet er forankra i lokale planar og er tett knytt til arbeidet med å laga besøksstrategi. 

Landbruksrådgjevar Inger Marie Hernes vil fortelje oss korleis dei løyste oppgåva og kva funn dei har gjort.  

Her kan du lese beitebruksplanen som nyleg har vore på høyring.

Du treng ikkje melde deg på for å delta.

Trykk på denne lenka for å delta.

 

Dato:
10. mars 2026 09:30 - 10:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane i Vestland