Ny handlingsplan for framsnakking av Inn på tunet
Slik vert ein jordnær og konkret handlingsplan laga: Ulike fagfolk, med eit mangfald av kunnskap, erfaring og nettverk, møtest og går på leit etter gode, praktiske løysingar.
Statsforvaltaren har eit ansvar for å synleggjere Inn på tunet som aktuelt tiltak innanfor helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet. Gjennom eit godt tverrfagleg samarbeid har vi no laga ein handlingsplan for dei næraste to åra.
Inn på tunet-tilbod syner seg å vere ei bra for mange ulike tenestemottakarar. I denne jungelen av mogelegheiter kan det vera vanskeleg å nå fram med god, praktisk støtte. Med utgangspunkt i ei statleg satsing vil statsforvaltaren bidra med informasjon og hjelp i oppbygging, organisering og innhald. Planen har derfor mange ulike tiltak, mange av dei direkte retta mot særskilde fagområde og målgrupper.
Den nye handlingsplanen for Vestland inneheld mål og aktuelle tiltak, særleg knytt opp mot mangfaldet av moglege tenester og kjøpargrupper. Helse- og sosialavdelinga, utdanningsavdelinga og landbruksavdelinga samarbeider om gjennomføringa.
Du kan sjå planen ved å følga denne lenka
Kontaktpersoner
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72