Kompensasjon for prisauke på gjødsel
Det er viktig å gjødsle normalt om våren sjølv om gjødselprisane har auka mykje. Men har du fått ei god avling på førsteslåtten, kan det vere rett å redusere til andreslåtten.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I februar betalte Staten ut 754 mill. kroner som kompensasjon for auka kostnad til gjødsel. Eit vanleg mjølkebruk i Vestland med 14-20 kyr eller eit stort sauebruk med 200 sauer fekk utbetalt 15 - 20 000 kroner i støtte. Kompensasjon for auka prisar vert rekna ut frå dyretal og areal (sjå faktaboks). Tilskotet kompenserer ikkje for heile kostnadsveksten, og dette kjem difor opp som tema i årets jordbruksforhandlingar i mai.
Gjødsel har avgjerande effekt både på mengde og kvalitet til avlinga. Difor bør ingen slutte å gjødsle! Jordbruksvekstar med høg pris slik som frukt og bær, har også høge kvalitetskrav. Spart gjødsel her er tapte inntekter om hausten.
Graset veks heller ikkje av seg sjølv. Det er difor viktig å gjødsle som normalt tidleg om våren slik at veksten kjem i gang. Dette sikrar gode vårbeite og ein normal førsteslått. Når vi kjem til juni og skal gjødsle for andre gong veit vi meir om korleis året vart og kan vurdere redusert gjødsling.
Ei ung eng har eit stort avlingspotensiale og bør gjødslast optimal. På eldre eng, sur jord og på dårleg drenerte areal kan gjødslinga reduserast.
Med auka prisar er det viktig å nytte ressursane maksimalt, og då er husdyrgjødsla viktig. Husdyrgjødsla har best effekt tidleg om våren, gjerne når det er kjølig eller litt nedbør. Rett kalking er avgjerande, då sur jord bind gjødsla slik at plantene ikkje får tak i næringsstoffa.
Lageret for husdyrgjødsel bør vere tomt når det er gjødsla etter førsteslåtten. Husdyrgjødsel som er spreidd i august har dårlegare effekt enn det som er spreidd om våren. Sein haustspreiing i september er som å kaste pengar ut gjennom vindauget.
Kontaktpersoner
Tilskot for auka kostnad til gjødsel i 2022:
- kr 53 per dekar jordbruksareal
- kr 100 per dekar med frukt og bær
- kr 150 per dekar med potet
- kr 200 per dekar med grønsaker
- kr 440 per mjølkeku
- kr 110 per ammeku
- kr 28 per andre storfe
- kr 50 per mjølkegeit
- kr 15 per sau