Nye kart viser jordbruksareal ute av drift
Som første embete i landet har Fylkesmannen i Vestland utarbeidd kart over jordbruksareal som ikkje er i aktiv drift. Desse karta gjev ny kunnskap om strukturen i jordbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Karta viser areal som er registrert som jordbruksareal, men der det ikkje vert søkt om arealtilskot i jordbruket. Dette er areal der det har vore ein aktiv landbruksproduksjonstilskot, men som no er avslutta. Totalt er nesten 200 000 dekar ute av drift, og dette utgjer 20 prosent av det totale jordbruksarealet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er særleg mykje innmarksbeite som har gått ut av aktiv drift, og dette utgjer åleine 100 000 dekar.
Tørkesommaren 2018 viser at vi treng meir jordbruksareal for å sikre nok grovfôr. Vi håpar informasjonen kan hjelpe både bønder og rådgjevarapparatet til å finne kva areal som er ledig for leige. Slike kart kan også vere eit hjelpemiddel til å byte leigejord mellom bønder for å få kortare køyreavstandar.
Karta gjev oss samla informasjon om aktiv drift for heile eigedommen (gards- og bruksnummer). Dette gjer at areal ute av drift kan vere noko større då eigedommar der noko av arealet er i drifte ikkje kjem med.
Karta over areal ute av drift er tilgjengeleg i Fylkesatlas under tema landbruk.