Planting av skog på nye areal som klimatiltak

Vestlandet har rikeleg med godt eigna areal for skogplanting for auka CO2 opptak. Det nasjonale pilotprosjektet «Planting av skog på nye arealer» vart avslutta i fjor og gav mange svar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.10.2020

Innan Vestlandet og Nord-Norge meiner Skognæringa Kyst at det er mogleg å etablere og avsetje 1 million dekar, med ei opptrapping til 5 millionar dekar i løpet av dei komande 50 åra, til klimaskog.

I 2018 rapporterte Norge eit nettoopptak frå skog på 28,8 mill. CO2-ekvivalentar. Dette tilsvarer halvparten av landbasert utslepp av CO2 i Norge.

I løpet av dei siste hundre åra har Norge bygd opp kubikkmassen i ståande skog frå ca. 300 mill. til 900 mill. kubikkmeter. Mykje av denne skogen nærmar seg alderen for hogst. Dette inneber at tilveksten vil gå ned og med det ein reduksjon av nettoopptaket i tida framover. Dette var grunnen til at regjeringa sette i gang pilotsatsinga «Planting av skog på nye arealer» i 2015. Rapporten kom i 2019. Hovudføremålet er å auke opptaket av CO2 på ein berekraftig, akseptabel og interessant måte. Når trevirke frå skogen vert nytta til å erstatte fossilt råstoff og utsleppsintensive produkt, vil klimanytta auke ytterlegare. Trongen for fornybart råstoff er venta å auke i lågutsleppssamfunnet. Samstundes er tap av skogareal til andre føremål altfor stort.

Målsettinga

«Planting av skog på nye areal som klimatiltak» er meint å rette seg mot restareal under gjengroing, som ikkje lenger er i aktiv bruk, og samstundes unngå areal med stort potensiale for å utvikle seg til verdfulle naturtypar. Sjølve kartleggingsfasen og kvaliteten på eksisterande data har vore ein viktig kunnskapsfaktor. Målsettingane med planting for klima i pilotfasen var å ta omsyn til klima, miljø og næring og rett avveging mellom ulike omsyn. Såleis skulle plantinga gje positiv effekt på klima, ha akseptabel verknad på naturmangfaldet og andre miljøverdiar og styrke skogbruk som næring i aktuelle område.

Avklaring om albedo, innstråling og refleks gjennom atmosfæren

I diskusjonen om skogplanting for klima har det vore reist diskusjon kva påverknad innstråling og refleksjon i form av albedo har. Her har forskinga konkludert med at slike krav ikkje er naudsynt sidan areala med størst endring i innstråling og refleksjon er areal med lang snøsesong og gjerne høgareliggjande areal, lite aktuelle for skogproduksjon.

Klima, miljø og næring

Planting av skog på nye areal som pilotprosjekt synte positiv klimanytte for alle bonitetar, gjengroingsgrader og hogsttidspunkt. Klimanytta er høgare dess høgare bonitet, mindre attgroing ved planting og ved noko forlenga omløp i høve økonomisk hogsttidspunkt.

Klima- og næringsnytta aukar generelt med aukande bonitet sidan det då vert lagra meir karbon parallelt med volumauke på betre bonitet. Samstundes vil høgare bonitet også innebere aukande konflikt i omsynet til naturmangfaldet, til dømes i form av sjeldne naturtypar. Slik konflikt vert redusert dersom ein tek i bruk areal på middels bonitetar. Framleis har denne skogplantinga positiv klima- og næringsnytte. Konsekvensen er difor at det vil vere fornuftig praksis å opne for bruk av meir areal på middels bonitet og også areal i sein attgroing.

Vurderingar knytt til bruk av gran på Vestlandet og nord for Saltfjellet

Gran var nytta i pilotfasen fordi ho har best klimaeffekt og høgast næringsverdi for grunneigar så vel som for samfunnet. Det kjem fram i rapporten at ein styrt planting av gran ikkje treng å kome i konflikt med omsynet til bevaring av biologisk mangfald. Det er særleg faren for spreiing som har vore i fokus. Det er semje om at bruk av gran kan vidareførast som klimatiltak tufta på kunnskapsinnhentinga som er gjort og erfaringane frå pilotfasen.

Diskusjonar omkring bruk av gran på Vestlandet og i Nord-Norge tek opp andre element enn biologisk mangfald. Verdibaserte faktorar som friluftsliv, landskapsbilete, identitet til staden og kulturhistorie er det som bygger bakteppet for korleis planting av gran blir oppfatta.

Etter pilotfasen

Evalueringa her tyder på at ordninga bør forenklast i alle ledd i vidareføringa:

  • Det må «løne seg» for skogeigar og tilskot knytt til kostnadstak vil vere naudsynt for gjennomføring
  • Mindre byråkrati rundt ordninga også med krav om minsterareal
  • Erfaringar frå pilotfasen gjer det aktuelt å opne for å ta i bruk areal på middels god bonitet og areal i sein attgroing ved ei vidareføring av ordninga. Dette vil tredoble det potensielle arealet samstundes som det medverkar til å betre kontrollen av naturmangfaldet, fordi ein i større grad kan styre tiltaka mot betre eigna areal.
  • Evalueringa konkluderer med at miljøkriteria var tilstrekkelege. Direktorata legg til grunn at ein i ei framtidig ordning må opne for at dei ansvarlege i forvaltninga må få rom for å nytte skjønn og avvege ulike interesser mot kvarandre Her er kompetanse og ressursar viktig.


Kjelder

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet, Rapport M-1161 2019, Pilotfasen for «Planting av skog på nye areal som klimatiltak» Sluttrapportering og evaluering. Rapporten har ei rikhaldig liste over referansar .

Klimakur 2020, Tiltak og virkemidler for å nå norske klimamål mot 2020. Rapport TA-2590, 2010

Klimameldingen. Meld.St 41 (2016-2017) – Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid oppdatert med: Norges forsterkede mål til FN 2020, regjeringen.no

Melding om Kystskogbruket, Næringsmelding fra felles prosjekt i kystskogbruksfylkene, 2015

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.