Ny forsking på pære og sider i vest

To av dei ni forskingsprosjekta som fekk støtte frå Regionalt forskingsfond i sist veke, gjekk til fruktnæringa i nye Vestland fylke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.07.2019

Siderprodusentane i Hardanger skal stabilisere kvaliteten på sideren sin, for å sikre seg nasjonale og internasjonale kundar i framtida. Pæreproduksjonen er historisk låg i Noreg, og Njøs Næringsutvikling skal bidra til å auke produksjonen med den verdenskjente pæresorten Celina, som har vorte utvikla av Graminor på Njøs. Begge prosjekta har fått tildelt 3 millionar fordelt over 3 år.

- Etterspurnaden etter norsk sider aukar, både heime og ute. For å ta det neste steget og verkeleg slå igjennom på ein internasjonal marknad, krevst det profesjonalisering og produksjonsmetodar som gjev same høge kvalitet og same gode smak gong etter gong. Det kan forskningsprosjektet bidra til, seier seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.

Sider frå Hardanger – Noregs svar på champagne?

Hardanger Siderprodusentlag går vitskapleg til verks for å sikre kvaliteten på produkta sine. Med tre millionar i forskingsstøtte frå RFF Vestlandet, skal dei finne ut kva kjemiske bindingar og mikrobiologiske prosessar som er avgjerande for god sider. Siderprodusentlaget har ein visjon om å utvikle sideren til å bli «Noregs champagne», og målet med denne forskinga, er å bidra til utvikling av eit større smaksmangfald av stabilt høg kvalitet.

Forskarane vil finne ut meir om korleis smaken vert påverka av samspelet mellom eplesortar, gjærtypar og biokjemiske prosessar under gjæringa. Dei vil utforske bruken av ulike villgjærtypar og bruke kunnskapen frå prosjektet til å utforme kvalitetskrav og kontrollsystem som sikrar stabil produktkvalitet. På sikt er målet å utvikle ei sertifiseringsordning for den geografisk beskytta merkevara Sider frå Hardanger.

I forskingsprosjektet skal siderprodusentar samarbeide med NIBIO, Wine Research Centre - University of Nova Gorica i Slovenia og andre partnarar. For meir informasjon, kontakt Asbjørn Børsheim, styreleiar for Hardanger Siderprodusentlag.

- I dag vert det ikkje ein gong dyrka ei pære årleg per innbyggjar i Noreg. Det er truleg rom for mykje meir norsk pære i marknaden seinhaustes. Dersom ein lukkast med denne forskinga, kan det bidra til at norsk pæreproduksjon kjem seg opp frå den bølgjedalen han har vore nede i, seier Følling.

Ny giv for pæreproduksjon

Konsumet av pære i Noreg har gått ned dei seinare åra, og skal ein lukkast med å snu trenden, trengst nye sortar som slår an i marknaden. På Njøs Næringsutvikling i Leikanger, har dei dyrka fram den nye sorten Celina, som er tatt i bruk av fruktbønder i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Pæra er velsmakande, innbydande raudkinna og ganske fast i kjøtet, slik at ho er meir transportdyktig enn mange andre sortar.

Forskarane skal finne dyrkingsmetodar som gir høge, årvisse avlingar og metodar for transport og produkthandtering som sørgjer for førsteklasses produkt ut til forbrukarane. Dei skal sjå på effektane av ulike metodar for pollinering, gjødsling og vatning og gjere feltstudiar for å finne ut korleis en sikrar ein freistande raudfarge på frukta. Det er også ei viktig målsetting å spreie kunnskapen til fruktdyrkarar, landbruksrådgjevarar og relevante forskingsmiljø, slik at ringverknadene av forskinga vert størst mogleg.

Njøs Næringsutvikling vil gjennomføre forskinga i samarbeid med Universitetet i Oslo, Hardanger Fjordfrukt SA, Sognefrukt SA og Graminor AS. Graminor har som samfunnsoppdrag å utvikle plantesortar til jordbruks- og hagenæringa, og står bak kultiveringa av pæresorten Celina. Kontaktperson er Stein Harald Hjeltnes, Graminor/Njøs Næringsutvikling. 

 

Gir 25 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

- Kvaliteten på søknadene i år var høgare enn nokon gong tidlegare, og vi skulle gjerne hatt midlar til fleire enn dei som no får støtte. Mange som får avslag, har fått særs gode karakterar av fagpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd, og kunne gitt viktige bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Dette viser at tida er moden for å styrke dei regionale forskingsfonda økonomisk, slik eit regjeringsutnemnt ekspertutval allereie har gått inn for, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.

 

Artikkelen er publisert med utgangspunkt i pressemelsingar frå Regionalt forskingsfond Vestalandet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner