Ein stor dag for Sider frå Sogn
Sider frå Sogn har no ei merkeordning for sine produkt på lik linje med Parmigiano Reggiano, Prosciutto di Parma, Balsamico di Modena i Italia og Champagne i Frankrike.
Dette er eit stort steg i det langsiktige arbeidet med å utvikle den norske siderproduksjonen generelt, men spesielt også for regionen rundt Sognefjorden.
Men «Sider frå Sogn» kan bli eit heilt nytt kapittel i sagaskrivinga om kanskje den eldste fruktdyrkingsregionen i Norge. Ei slik merkeordning gjev moglegheiter for meir berekraftig næringsutvikling langt utover eple- og siderprodusentmiljø, for tverrfagleg samarbeid og sterk marknadsføring av ein region i vekst. «Sider frå Sogn» har potensiale til eit nytt bygdeeventyr slik vi har fått med «Sider frå Hardanger».
For produsentane er dette eit viktig steg i å få eit kvalitetsstempel for både produkta og ei verdsetjing av det langsiktige arbeidet dei har lagd ned i utviklinga av gardar, epledyrking og samarbeidet seg imellom.
Ei beskytta geografisk nemning (BGB) er ei godkjent merkeordning for matvarer og drikke der kvaliteten, særpreg og omdømet er knytt til eit spesifikt geografisk område, som t.d. dei norske produkta «Lofotlam» eller «Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdal».
Følgjer produsentane reglane i forskrifta om vern av Sider frå Sogn som sikrar at produkta har eigenskapane som må til, kan dei bruke dette merke på sine siderflaskar. Stiftelsen Norsk Mat administrerer desse ordningane i Noreg. Dei er del av EU-systemet for beskytta geografisk nemning.