IGW 2025 - vestlandsambassadørar i Berlin

IGW 2023 - eit sterkt team som representerte Fjord Noreg.

Den store landbruks- og reiselivsmessa IGW i Berlin vert arrangert i januar kvart år. Dei norske deltakarane er valde og klare. Dette vert glimrande reklame for Noreg.

Publisert 11.12.2024

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. Denne gongen reiser 22 utvalde verksemder frå Fjord Norge-regionen til den største matmesse i verda, Internationale Grüne Woche i Berlin.

Det store biletet

Messedeltakinga er eit stort prosjekt, som er eigd av Landbruks- og matdepartementet. Den nasjonale prosjektleiinga ligg hos Innovasjon Norge. Det store målet for innsatsen er å bygge Noreg som ein sterk mat- og reiselivsnasjon. Arrangementet i Berlin styrker omdømet til norsk landbruk og norsk mat og drikke, og deltakarane får sjansen til å samarbeide meir mellom regionane. Nye nettverk stimulerer til nyskaping. Dette er ein klassisk vinn-vinn-konstellasjon.

Samarbeid i regionen

Regionalt er vi organisert i eit samarbeid mellom statsforvaltarane og fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vestlandsregionen har vore ein del av dette prosjektet mange gonger før, noko som gjer denne reiselivsregionen sterkare og meir samla.

Om IGW

Messa Internationale Grüne Woche starta i 1926 som ei enkel varemesse for landbruksprodukt. No reknar arrangørane med rundt 1900 utstillarar frå 72 land og om lag 400 000 besøkjande på totalt 128 000 m2.

For å vere litt smålåten; Noreg har ein av dei finaste standpresentasjonane i Berlin. I 2024 er det regionane Fjord Norge og Nord Norge som er valde til å vise fram dei beste råvarene og til å fortelje om Noreg som reiseland. Vårt land er i utgangspunktet eit populært reisemål for tyskarane. Vi vil forsterke denne interessa gjennom dei lekraste mat- og drikkekombinasjonane.

Også i år har vi måtta velje mellom eit mangfald av fantastiske produsentar, som gjer det mogeleg å servere smakfulle rettar med ost, sider, ulike typar kjøt, røykelaks og bakst.

Deltakarane frå regionen vår

Rogaland

Jerseymeieriet, Skeie Gård, Topp Sopp, Sandalen gård, Ryfylke gardsysteri, Smaken av Ryfylke

Vestland

Flatheim, Fløirestauranten, Heimtun-gardsmat, Lofthus sideri, Løvaas Gard, Myrdal Gaard Ysteri, Nordre Solend gård, Norways Best, Vestavin, Ølmheim siderhage

Møre og Romsdal

Smia Fiskerestaurant, Stolte Anton, Sveggvika, Tingvoll Sider, Tingvollost, Juvet Landskapshotell

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Matarena AS - prosjektleiar

Rogaland Fylkeskommune

Innovasjon Norge MR