Kurs i etablering av småskala grøntproduksjon

Forskjellige typer grønsaker i ein fletta kurv
Foto: Sven Hilker, Pixabay.

For sjette år på rad blir det arrangert oppstartsprogram for marknadshagedrift i Vestland. Som deltakar vil du få kunnskap om sal av lokalmat og god agronomi for kommersiell småskala grønnsaksproduksjon. Søknadsfristen er 22. september. 

Publisert 16.08.2024

Oppstartsprogrammet skal gjere deg klar til å etablere ein småskala grønnsaksproduksjon på eigen gard eller eit leigd areal, og til å selje produkta dine gjennom ein salskanal for lokalmat.

Kurset er bygd opp etter Stadsbruk, eit inkubatorprogram for marknadshagar i Sverige. Etter fleire år med utprøving har programmet blitt tilpassa vestnorsk klima, natur og marknad.

Sentralt i programmet står nettverksbygging og erfaringsdeling. Dette, saman med tett oppfølging og faste kurssamlinger (fysisk og digitalt), skal gjere deltakarane trygge i prosessen med å starte ein testproduksjon i neste dyrkingssesong og gjennomføre prøvesal.

Det er berre 10 plassar, og du må sende inn ein kort søknad. Oppstart 25. - 26. oktober i Bergen.

Her får du meir informasjon om kurset og korleis du sender søknad.

I oppstartsprogrammet får du:

  • eit nettverk og læringsfellesskap med andre dyrkarar
  • praktikarar, som underviser og rettleiar deg til ein trygg oppstart
  • kursinnhald, som er tilpassa vestnorske forhold og ditt areal
  • kunnskap og råd om sal og marknadsføring
  • verktøy for planlegging av økonomi og produksjon
  • grunnlag for å utarbeide ein eigen forretningsplan, som kan brukast til å utvikle bedrifta og til å søkje støtte eller lån
  • rettleiing i å starte eit "testbed” for utprøving av dyrking og sal
  • tilgang til å leige eitt av testbeda på Stend vgs i Bergen, om du ikkje har eige areal.

Kurshaldar er Katinka Kilian. Prosjektet er eigd av Stiftelsen Lystgården og støtta av Vestland Fylkeskommune og Bergen kommune. Dette er siste prosjektåret i prosjektperioden 2022-25. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.