Vossabia får bedriftsutviklingspris
Renate Lunde og hud- og hårpleieprodusenten Vossabia får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 i Vestland fylke.
Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. I år går prisen til Vossabia, som held til på Bulken ved Voss. Verksemda har hatt stor vekst og har knytt til seg ei stor kundegruppe, med utgangspunkt i kreativ tenking og vekt på å sjå mogelegheiter i garden og naturen sine ressursar.
Eg håpar denne prisen bidreg til at endå fleire oppdagar Vossabia sin bodskap, og blir inspirerte til å sjå verdien i å kombinere garden sine ressursar med fokus på helse, berekraft og naturmangfald, seier Renate Lunde i Vossabia.
I tillegg til produksjon og sal av hud- og hårpleieprodukt har Renate og Vossabia foredrag, kurs og opplevingar på garden.
Vossabia brukar lokale og økologiske råvarer, som honning, bivoks og ville urter i produkta sine, og legg stor vekt på kvalitet og berekraft.
Kontaktpersoner
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72