Nasjonal kulturlandskapspris til Verdsarvbøndene i Undredal

Statssekretær Wenche Westberg delte ut prisen til glade og stolte bønder i Undredal
Statssekretær Wenche Westberg delte ut prisen til glade og stolte bønder i Undredal Foto: Norsk Kulturarv.

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2024 vart denne veka tildelt Verdsarvbøndene i Undredal, for det framifrå arbeidet dei gjer for å ta vare på verdiane i landbruket sitt kulturlandskap.

Publisert 30.08.2024

- Endeleg kom turen til Undredal ! Det er ei stor glede for meg å få dele ut Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2024. Å drive landbruk i eit verdsarvområde som her i Vestnorsk fjordlandskap krev særskilde omsyn, sa statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Wenche Westberg, som stod for utdelinga til dei glade, stolte og verdige vinnarane.

Den vesle bygda har eit særprega bygningsmiljø, den minste stavkyrkja i landet og eit rikt biologisk mangfald, som slåtte- og beitemarker. Undredal er også ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som er innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

De som er Verdsarvbøndene i Undredal gjer eit arbeid som er særleg verdfullt, både fordi de produserer mat og fordi de skjøttar store verdiar i landskapet. Ved utdeling av Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2024 blir dette påskjønna, understreka Westberg.

Verdsarvbøndene i Undredal har klart å vidareføre tradisjonen med ysting på tradisjonelt vis. Bøndene sjølve gjev uttrykk for at stølsdrift er økologi i praksis, og at dette byggjer på eit unikt samspel mellom naturen, menneska og dyra. Stølsdrifta og landbruket elles i bygda er moderne, men tek samstundes vare på landskap og tradisjonar.

Omsyn til det særmerkte kulturmiljøet og det biologiske mangfaldet stiller strenge krav til alle slags tiltak i bygda. Sjølv om jordbruksareala er brattlendte, særs arbeidskrevjande og oppstykka i småteigar, vert det drive aktivt landbruk med hovudvekt på geit og ysting.

Ansvaret som følgjer med å drive gardsdrift midt i ei godt besøkt bygd som dette, og til og med tett på stavkyrkja, er stort, og dette ansvaret vert teke på alvor av dei som driv gardane. Landbruket og geitehaldet er med på å danne det særskilde preget som bygda har. Kulturlandskapet er ein viktig del av identiteten til bygda.

Prismottakarane er gardane Vetlereina v/Bernat Alarcon Underdal og Maria Alarcon Underdal, Reina gard v/Atle Underdal Borlaug og Anna Elise Borlaug, Nigarden v/Trude Høiby Underdal og Tormod Underdal, Turi-Per-garden v/ Erna Underdal og Sigbjørn Skarsbø, Hjellum gard v/Nils Hjellum og Hjødlo gard v/Jannicke Hjellum.

Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl, i tillegg til 50 000 kroner frå Landbruks- og matdepartementet. Utdelinga fann stad i Undredal tysdag 27. august.

Ost til modning
Ost til modning Foto: Norsk Kulturarv.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.