Meldeplikt ved hogst
Frå 1.januar 2026 har Tysnes kommune ei eiga forskrift om meldeplikt for hogst i produktiv skog.
Formålet med forskrifta er å leggje til rette for eit berekraftig og langsiktig skogbruk som sikrar ein god balanse mellom skogeigarane sine økonomiske og driftsmessige interesser og dei viktige samfunnsverdiane som er knytte til skogen. Dette omfattar mellom anna omsynet til naturmangfald, friluftsliv, landskap og kulturminne, som alle er fellesgode av stor verdi for samfunnet.
Kommunane kan innføre meldeplikt for å følgje med på at skogbrukslova vert fylgt og for å få dokumentasjon på utfordringar skogbruket har i forhold til foryngingsplikta.
Gjennom krav om melding før hogst skal forskrifta bidra til betre kommunikasjon med skogeigarane og næringa, betre oversikt, planlegging og kontroll av hogsttiltak. Ordninga skal sikre at hogst vert gjennomført på ein måte som legg til rette for nødvendig og vellukka forynging, både ved at rette hogstformer vert nytta og ikkje minst ved at hogsten skjer til rett tidspunkt i forhold til skogen sin alder. Slik medverkar forskrifta til å oppretthalde skogen si produksjonsevne over tid, samstundes som miljøomsyn vert tekne på ein systematisk og føreseieleg måte.
Forskrifta gjeld for all hogst i produktiv skog i Tysnes kommune. Meldeplikt gjeld når eitt eller fleire kriterium er oppfylte:
- hogstarealet er større enn 10 dekar
- det samla hogstvolumet overstig 200 kubikkmeter
Les meir på nettsida til Tysnes kommune.
Kontaktpersonar
-
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 -
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71