Nytt nettverk for urbant landbruk i Vestland

Vinteren 2023 vart det oppretta eit nettverk for å utvikle ulike pilot-aktivitetar innan urbant landbruk i forskjellige kommunar i Vestland Fylke. I alt sju kommunar er knytt til prosjektet, og dei representerer både større byar og mindre tettstader.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Lystgården i Bergen leiar prosjektet og det vert drifta i lag landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland. Lystgården på Landås har utvikla Bybonden i Bergen – senter for urbant landbruk, i lag med Bondelaget i Vestland. Erfaringane som Bybonde-teamet i Bergen har gjort seg, i lag med etat for landbruk i Bergen kommune, vil bli delt med urbant landbruksnettverket i Vestland i 3 år framover. Representantane i nettverket kjem frå både landbruks-og planavdelingar i pilotkommunane.

Kommunene i Urbant landbruksnettverket i Vestland
KJERNEKOMMUNAR:
- Bjørnafjorden/Tysnes/Samnanger
- Stadt
- Alver
ANDRE KOMMUNAR SOM DELTEK I FYLKESNETTVERKET:
- Sunnfjord
- Voss
- Bergen
- Stord og Fitjar
Lokal forankring
Aktivitetane i som vert prøvd ut i pilotkommunane i Vestland, bør lett kunne speglast i Nasjonal strategi for urbant landbruk (2021). Kommunane skal freiste å forankre urbant landbruk i sin kommune, og bake det inn i lokale strategiar eller handlingsplanar i sine organisasjonar, i frivilligheita og lokalsamfunnet i stort. Fagsamlinger og studieturer vil inspirere og vise korleis ein arbeider med urbant landbruk i praksis; i forvaltninga og i samarbeid med eksterne aktører og ildsjelar for å nå nasjonale og lokale måsettingar.
Lære av kvarandre
Urbant landbruks er i si natur tverrfagleg og tufta på samarbeid mellom etatar og miljø i kommunane. Men korleis ein skal gjere det, finst det ikkje ein fasit på. Fyrste steg i denne erfaringsutvekslinga var å sjå på kva erfaringar dei har gjort seg i Bergen og Os dei siste åra. Målet med studieturen var difor å bli inspirerte og sjå korleis ein kan overføre eksempla frå studieturen til sin eigen kommune. Til hausten skal deltakarane møtast og drøfte kva ein kan jobbe med gjennom vinteren for å skape nye eller utvida urbane landbruksaktivitetar i sin kommune i 2024.
Studieturar i 2023
Studieturen hadde eit tettpakka program for ein dagstur til ulike urbane landbruksprosjekt på strekninga Bergen – Os i slutten av juni i år.
Programmet kan de laste ned nest eller i høgre kolonne på denne nettsida. Vidare i teksten vil de sjå bilete frå stoppestadene med fyldige bilettekstar - sjå også lenkene i overskriftene til biletene.
Neste studietur vil vere til Bodø i slutten av september i år, kor dei vil møte ulike kommunar i Nordland, Troms og Finnmark. På denne studieturen vil ein sjå på korleis urbant landbruk kan koplast til beredskap og matsikkerheit lokalt.
Studieturen Bergen - Os
Landås menighet eldresenter


Fløenbakken-og Storetveit parsellag


Bønes barneskole


Framnes Gård og Parsellhagar



Prestegårdshagen på Os

Testbedene på Stend

Kontaktpersoner
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94