Gunnar O. Hæreid med verv i innsynsklagenemnd for Koronakommisjonen
Klager på Koronakommisjonens avgjerder etter offentleglova skal avgjerast av ei uavhengig klagenemnd. Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid, er ein av medlemene i nemnda.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 25.11.2020
– Nemnda er samansett av høgt kompetente juristar frå heile landet med omfattande erfaring frå behandling av innsynssaker og annan forvaltningsrett, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland i ei pressemelding.
Klagenemnda skal leiast av Anna Camilla Selman, kommuneadvokat i Oslo.
Andre medlemer
- Lars Marius Heggberget, kommuneadvokat i Trondheim
- Gunnar Ove Hæreid, assisterande fylkesmann i Vestland
Varamedlemer
- advokat Marianne Olssøn for leiaren Selman,
- advokat Rajvinder Singh Bains for dei andre medlemene.