Høgsterett besøkte Vestland
Denne veka var Høgsterett på rundreise i seks kommunar i Vestland. Målsettinga var å bli betre kjent med fylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Programmet omfatta besøk på moderne fiskebåtar i Austevoll og omvisning på Fjellstrand båtbyggeri.
I Kvam herad fekk dei mellom anna høyre erfaringar med koronahandtering i ein liten kommune. Frå ordføraren i Voss herad fekk dei høyre om korleis kommunen jobbar med FNs berekraftsmål, og om ekstremsportkommunen Voss.
Dei besøkande fekk også innblikk i grunderverksemd i Bjørnafjorden, CO2-fangst i Øygarden, næringsliv og kunst i Bergen, og ei orientering hos Gulating Lagmannsrett.
Justitiarius Toril Marie Øie. Foto: Høgsterett
Inge Halstensen viser rundt i Bekkjarvik. I midten står ordbørar i Austevoll kommune Morten Storebø. Foto: Høgsterett.
Salssjef Edmund Tolo viser rundt på Fjellstand båtbyggeri. Foto: Høgsterett.
Kontaktpersoner
-
Gunnar O. Hæreid
Tlf: 57 64 30 02 / 91 18 06 26 -
Edvard Høgestøl
Tlf: 55 57 20 45 / 91 38 35 73