Årsrapport 2023
Årsrapporten viser nøkkeltal for embetet og korleis vi har løyst oppgåvene våre. I tillegg skildrar han situasjonen på fleire område i fylket.
Publisert 01.03.2024
Rapporten er først og fremst ei tilbakemelding til sentrale styresmakter, men kan også vere av interesse for ei større målgruppe.
Vi sender årsrapporten til Kommunal- og distriktsdepartementet, som statsforvaltarane var administrativt underlagt i 2023. Vi får dessutan oppdrag frå ei rekkje fagdepartement og -direktorat. Årsrapporten er såleis ei direkte tilbakemelding til dei som styrer oss.