Kristin Cotta Schønberg blir ny fylkeslege i Vestland
Statsforvaltaren i Vestland er glade for å kunngjera at Kristin Cotta Schønberg har takka ja til å bli ny fylkeslege og avdelingsdirektør for helse, sosial og barnevern i Vestland.
Publisert 16.04.2024
Schønberg kjem frå stillinga som kommuneoverlege i Askøy. Tidlegare har ho vore fastlege, legevaktslege og smittevernlege i Askøy, assistentlege ved NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus, og dessutan assisterande fylkeslege i Hordaland og seinare Vestland. Kristin er Cand. Med. frå UiB og spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin. I tillegg har ho teke helseleiing ved Handelshøyskolen BI som del av Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta.
Schønberg har med seg god erfaring som kjem til nytte når ho byrjar hjå oss den 12. august.