Vestland stiller opp

Kollasj av bilde av kvinne og mann med grøn bakgrunn.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete og ass. statsforvaltar Gunnar O. Hæreid. Foto: Oskar Andersen.

Det har gått fire år sidan Russland sette i gang den brutale fullskalakrigen mot Ukraina. I løpet av desse åra har Vestland vist ein imponerande vilje til å ta imot og støtte menneske på flukt. Det fortener ei stor takk.

Publisert 27.02.2026

Fleire tusen ukrainarar har fått nye heimar i Vestland dei siste åra. Busetjinga har føregått med ein vilje og i eit tempo det står stor respekt av. Både store og små kommunar har teke ansvar – ofte med knappe ressursar. Lærarar, helsearbeidarar, naboar og lokale lag har skapt tryggleik og kvardagsliv for dei som treng det mest.

Frivilligheita har vore avgjerande. Fleire organisasjonar og lokale initiativ har samla inn utstyr, arrangert møteplassar, støtta familiar og halde oppe engasjementet for Ukraina i ei tid der mange kjenner på krigstrøyttleik. Slikt arbeid er ein berebjelke i støtta Noreg gir.

Difor er dette ei takk til alle som har vist tolmod, handlekraft og varme. De har gjort livet lettare for menneske som har opplevd det verste. Innsatsen dykkar har vist fram det beste av Noreg og Vestland.

Men krigen er ikkje over. Ukrainarane ber framleis den tyngste børa, og dei treng at vi står saman med dei også i tida framover. Når Ukraina forsvarar landet sitt, forsvarar dei òg prinsipp som er viktige for alle frie samfunn.

Vi skal halde fram med å vere eit Vestland som stiller opp.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.