Navarsete gir seg som statsforvaltar
Liv Signe Navarsete har søkt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om avskjed frå stillinga som statsforvaltar frå 1. september.
– Det har vore eit privilegium å få leie embetet og jobbe saman med så mange dyktige medarbeidarar om eit viktig samfunnsoppdrag. Samstundes kjenner eg at tidspunktet no er rett for å gi stafettpinnen vidare, seier Navarsete.
Navarsete har vore statsforvaltar i Vestland sidan 1. september 2022.
– Rolla som statsforvaltar er både givande og krevjande. Etter fleire år med høgt tempo og mykje reising i eit stort fylke, ønskjer eg meir tid til familie og andre prioriteringar.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet leier prosessen med å rekruttere ny statsforvaltar. Navarsete held fram i stillinga til 1. september 2026.