Reguleringsplanar
Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som viser bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Før planoppstart
Når forslagsstillar er ein anna enn planstyresmakta/kommunen sjølv skal planspørsmålet leggjast fram for kommunen i eige møte, i eit såkalla oppstartmøte(jf. pbl. § 12-8).
I oppstartfasen skal det m.a. avklarast om planen vert omfatta av krav om planprogram og konsekvensutgreiing.
Oppstart av reguleringsplanarbeid
Ved oppstart av arbeid med reguleringsplan er det krav om varsling av offentlege organ og andre med interesse i saka.
Viss reguleringsplanen fell inn under § 3 i "Forskrift om konsekvensutredninger" (KU-forskrifta), men vert vurdert til ikkje å skulle konsekvensutgreiiast, skal dette gå fram av varsel og kunngjering om oppstart av planarbeidet. Dersom planarbeidet vert omfatta av KU-forskrifta skal forslag til planprogram sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn seinast samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet.
Oppstartvarslet for reguleringsplanar skal også vurderast opp mot naturmangfaldlova. Det skal takast stilling til om kunnskapsgrunnlaget for naturmangfaldtema er godt nok til at ein kan vere rimeleg sikker på å unngå skade på naturmangfaldet, eller om det skal gjennomførast meir kartlegging av biologisk mangfald for å styrkja kunnskapsgrunnlaget (naturmangfaldlova § 8).
Statsforvaltarens merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid
Statsforvaltaren har utarbeidd eit eige skriv, "Statsforvaltaren sine merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid". Skrivet inneheld merknader til ei rekkje tema og nokre utbyggingstiltak. Dei delene av merknadene som er aktuelle i ei gitt sak er å sjå på som våre merknader og tilrådingar som kommunen skal leggje til grunn for si sakshandsaming. Målet med dette skrivet er at Statsforvaltaren ønskjer å svare meir konkret og kortfatta ved oppstart av reguleringsplanar, og at vi i fråsegna viser til skrivet "Statsforvaltaren sine merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid" for meir utfyllande merknader. Skrivet ligg som vedlagt dokument til artikkelen.
Offentleg ettersyn
Reguleringsplanar for utbygging skal som hovudprinsipp vere avklara i arealdelen til kommuneplanen. Utbygging i strid med overordna plan kan ofte vere konfliktfylt. Terskelen for at Statsforvaltaren kan bruke motsegn er generelt lågare for reguleringsplanar som er i strid med arealdelen til kommuneplanen samanlikna med reguleringsplanar som er i samsvar med den overordna planen. Vi vil alltid måtte vurdere motsegn mot planar som er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser innafor Statsforvaltarens ansvarsområde.
Statsforvaltaren vil trekkje fram følgjande tema/område som særleg viktige, og som det må takast spesielt omsyn til i planlegginga:
Strandsona, naturmangfald, inngrepsfrie (urørte) naturområde, landskap, vassdrag, fjellområda, barn og unge, klima, jordvern og samfunnstrykkleik/beredskap.
Vi vil framheve følgjande lovkrav til reguleringsplanar:
- Alle planar skal innehalde ei planskildring (planomtale) når dei vert lagde ut til offentleg ettersyn (§ 4-2).
- Det er krav om risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for alle planar som gjeld utbygging (§ 4-3).
- Arealplanar skal framstillast i samsvar med kart- og planforskrifta. Det er utarbeida nye teiknereglar for arealplankart.
Områderegulering
Områderegulering er primært ein plantype som kan utarbeidast av kommunen etter krav i arealdelen til kommuneplanen, eller der kommunen meiner det er behov for ein slik plan i eit område av omsyn til verneinteresser eller for å leggje rammer for vidare planlegging, utvikling og bygging.
Publisert 29.01.2019
Detaljregulering
Detaljregulering er ein plan for bruk og vern av mindre område, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planformen for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av forskjellige verdiar.