Varierande status for overordna planlegging i kommunane
I 2025 gjorde seks kommunar i Vestland vedtak om ny samfunnsdel av kommuneplanen. Ingen kommunar kom i mål og gjorde vedtak om ny arealdel.
Samfunnsdelen av kommuneplanen skal omhandle langsiktige utfordringar. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen kan kommunen leggje vekt på viktige delar knytt til samfunnsutviklinga og synleggjere dei strategiske vala dei vil ta. Samfunnsdelen skal mellom anna vere eit viktig grunnlag for å gjere val og prioriteringar i den juridisk bindande arealdelen.
I 2025 vedtok kommunestyra i Bergen, Kinn, Bømlo, Austrheim, Askøy og Samnanger ny samfunnsdel.
Arealdelen av kommuneplanen er eit verktøy for å gjennomføre samfunnsdelen. Arealdelen skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga og korleis areal på land og i sjø samla sett bør disponerast for å løyse kommunen sine oppgåver og behov. Ein vedteken arealdel er juridisk bindande for arealbruken.
Det er store forskjellar mellom kommunane i Vestland kor ofte arealdelen vert revidert, og kor oppdaterte andre plantypar er. Heile 27 av dei 43 kommunane i Vestland har arealdel som er eldre enn ti år. I 2024 var det fem kommunar som kom i mål og vedtok ny arealdel: Fjaler, Vik, Sunnfjord, Bremanger, Etne. I 2025 kom ingen kommunar i Vestland i mål med ny arealdel. I 2026 kan det, ut frå aktivitet og signal frå kommunane, vere opp mot tolv kommunar som kan kome i mål og vedta ny arealdel. I tillegg er ytterlegare nokre kommunar som har starta opp arbeidet.
Kommunar med oppdaterte arealdelar vil vere langt betre rusta til å vareta utbyggings- og miljøformål enn kommunar med eldre planar.