Gjer om stenginga av Hornelen Via Ferrata

Statsforvaltaren varsla før sommaren at vi ville vurdere stenginga av klatreløypa Hornelen Via Ferrata. Løyvet som Bremanger kommune gav til stenging av installasjonane, er no gjort om.

Publisert 03.07.2024

Det var Hornelen Via Ferrata AS og Bremanger Eigedom AS som opphavleg søkte Bremanger kommune om å få stenge via ferrata-anlegget. Avstenginga har vore konfliktfylt ut frå den gjeldande reguleringsplanen, som regulerer dette området til LNF - og friluftsformål. I friluftsområde er det normalt ein føresetnad at allmenta skal kunne ferdast, i tråd med allemannsretten og reglane i friluftslova. Hovudformålet med reguleringsplanen har også vore å legge til rette for friluftsformål, og å oppretthalde allemannsretten i området.

Statsforvaltaren klaga derfor då Bremanger kommune gav dispensasjon for mellombels stenging i juni 2023. Denne klagen vart handsama og avgjort av Statsforvaltaren i Rogaland (settestatsforvaltar). Dei kom til at stenginga, som skulle utførast med eit mellombels stengsel, ikkje skulle vurderast etter reguleringsplanen, men etter ein særregel i plan- og bygningslova § 30-5. Settestatsforvaltaren utelukka ikkje at vurderingane kunne verte ulike, og oppheva derfor kommunen sitt dispensasjonsvedtak.

Bremanger kommune vurderte saka på nytt, og gav i april løyve til stenginga etter den nemnte regelen. Statsforvaltaren i Vestland har no gjort om dette løyvet. Vi har vist til at hovudvilkåret for å godkjenne ein mellombels konstruksjon etter § 30-5, er at plasseringa ikkje hindrar allmenn ferdsel eller friluftsliv. Tiltaket i denne saka går ut på stenging, og har dermed hatt som mål å hindre slik ferdsel. Stenginga er dermed ikkje foreinleg med § 30-5, eller med skildringa av friluftsformålet og via ferrata-anlegget i reguleringsplanen. På bakgrunn av dette har vi avslått søknaden om stenging.

Vi har rettleia om at dersom kommunen ønskjer å stenge anlegget for allmenta, lyt reguleringsplanen endrast. Det finst også føresegner i friluftslova, som opnar for at ferdselen kan regulerast med ein rimeleg, avgiftsbasert tilgang. Vi har ikkje teke stilling til om reguleringsplanen bør endrast, kva ei endring i så fall kan eller bør gå ut på, eller om det er føremålstenleg med ei avgiftsbasert ordning for Hornelen Via Ferrata.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.