Webinarserie: Kunnskapsarena for klima og natur i planlegging
Miljødirektoratet har laga ein webinarserie og møteplass for kommunar om klimatilpasning, utsleppskutt og naturmangfald i planarbeid.
Kunnskapsarenaen er eit tilbod til kommunane frå Miljødirektoratet og Kommunal- og distriksdepartementet.
I ein serie webinar deler dei kunnskap som er nyttig for å ta i vare hensynet til klimatilpasning, utsleppsreduksjon og naturmangfald i planarbeidet. Du får høyre om viktig regelverk, rettleiing og andre ressursar, og dei vil vise fram eksemplar på korleis kommunane kan jobbe med dette. I webinara vil dei også sette av god tid til å svare på spørsmål frå deltakarane.
Nokre av filmane på sida er henta frå "Opplæring i plan for politikarar" laga av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret.