Sambandstrening med kommunane

I desember trena vi på å nytte Nødnett og satellittelefon med over 40 kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Tilbakemeldinga frå kommunane er at det er nyttig med korte og jamlege treningar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.01.2019

Når telenettet og internett fell bort er det viktig å ha alternative kommunikasjonsmidlar tilgjengeleg. Like viktig er det å vere budd på slike situasjonar ved å trene på å nytte kommunikasjonsmidla med jamne mellomrom. Vi inviterte difor dei kommunale kriseleiingane til å delta på ei sambandstrening. Kvar kommune fekk 15-20 minutt som dei kunne disponere fritt til å teste Nødnett og satellittelefon. Treninga bidrog mellom anna til å avdekke utstyr som ikkje fungerte og område med dårleg dekning.

Deltakarane meinte at treninga var nyttig og at det bør trenast jamleg. Vi ønskjer difor å halde fram med årlege sambandstreningar med kommunane. Samstundes er det viktig at det vert trena internt. Mange kommunar har gode rutinar for å teste sambandsutstyret med jamne mellomrom. Det kan til dømes trekkast fram at kriseleiinga i Eid kommune pleier å trene saman med brannvesenet nokre gonger i året. På den måten kan ein halde ferdigheitene ved like og sjå til at utstyret fungerer som det skal.

Nokre av kommunane som deltok har eigne Nødnetterminalar og satellittelefonar i kriseleiinga som dei nytta på sambandstreninga. Andre nytta utstyret til brann- eller helsevesenet, og har rutinar for å nytte både sambandsutstyr og kompetent personell derfrå ved uønskte hendingar.

Fleire av kommunane sa at dei vurderer å kjøpe eigne Nødnetterminalar til kriseleiinga. Vi har gode erfaringar med Nødnett, og ser gjerne at dei kommunale kriseleiingane har eigne terminalar. Vi oppmodar kommunane om å ta kontakt viss det er ønskjeleg med meir informasjon om Nødnett eller satellittelefon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner