Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap

Forsamling med personar oppdelt i mindre grupper.
Forsamlinga var engasjert under gruppeaktiviteten første dag. Foto: Mari Severinsen.

I midten av november samla vi over 120 deltakarar frå kommunane og regionale beredskapsaktørar til fagsamling i Bergen.

Publisert 21.11.2025

I totalberedskapsmeldinga som kom i januar i år vart behovet for å styrke det lokale og regionale totalforsvarsarbeidet understreka, og Statsforvaltaren fekk i oppgåve i å forsterke rettleiingsarbeidet. Å samle kommunane og regionale beredskapsaktørar til felles kunnskapsheving og nettverksbygging er eit viktig bidrag i dette arbeidet. Tema for årets samling var m.a. helseberedskap i krise og krig, lokalt beredskapssamarbeid og totalforsvarsåret 2026.

Helseberedskap i krise og krig

Samlinga vart opna av Jasper Littmann frå Helsedirektoratet som orienterte om   kommunehelsetenesta si rolle i krise og krig. Den sivile helsetenesta er i all hovudsak òg forsvaret si helseteneste ved krig, og det er det viktig at vi tek innover oss i planlegginga. Littmann understreka at vi må vere budd på at fleire ting skjer samtidig og orienterte om korleis funn frå GAP-analysen for sivil-militær helseberedskapsplanlegging vert nytta i arbeidet med å utvikle eit nasjonalt kompetansehevingsløp.

Vidare fekk vi høyre om kva som utfordrar kapasiteten ved sjukehusa, og kva konsekvensar det får for kommunane. Vi fekk òg ei orientering om arbeidet til Norsk Reservistforbund, og kommuneoverlegen i Sunnfjord, Fjaler og Hyllestad sin innsats i operasjon Ellisiv Shield ved grensa til Ukraina.

Fylkeslege Kristin Cotta Schønberg og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand framheva behovet for god eigenberedskap, krav til lager av beredskapsutstyr for normalutstyr for tre månadar frå 1. januar 2026 og korleis kommuneoverlegen bør koplast på beredskapsarbeidet.

Ei større forsamling av personar sett bakifrå på eit konferanserom, med to personar som står fremst i rommet og presenterer.
Fylkeslege Kristin Cotta Schønberg og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand. Foto: Ingrid Elde.

Matvareberedskap i Vestland

Nok og trygg mat er grunnleggande for eit kvart samfunn. Beredskapsseksjonen og landbruksavdelinga i embetet har utarbeidd ei scenarioanalyse for matvareberedskap i Vestland. Rådgjevar Christer Furøy frå Statsforvaltaren presenterte hovudkonklusjonane frå analysen og viste m.a. til styrken i variert matproduksjon og geografisk fordeling, avhengnadar i verdikjedene og viktigheita av eigenberedskap hjå både næringa og befolkninga.

Gruppearbeid i regi av UiB

Siste post på programmet første dagen var eit gruppearbeid i regi av førsteamanuens Fredrik Breien frå SLATE-senteret ved Universitetet i Bergen. Arbeidet var basert på Eluna, ein metodikk dei har utvikla som m.a. skal motivere for å øve og trene i lokal samanheng.

Gruppene fekk fleire oppgåver basert på narrative læringsspel, og hadde som mål å gi innsikt i kva deltakarane meiner om sentrale utfordringar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Stemninga var god under økta, latteren satt laust og folk vart kjende på tvers av kommunar og aktørar.

Fem personar som gjer gruppearbeid rundt eit bord.
Gruppeaktivitet i samarbeid med SLATE-senteret. Foto: Ingrid Elde.

Lokalt beredskapssamarbeid

Dag to starta med at fylkesberedskapssjef Stensvand snakka om bruk av kommunale beredskapsråd. I totalberedskapsmeldinga seier regjeringa at dei ønskjer å etablere ein einskapleg rådstruktur og som ein del av dette forskriftsfeste krav om kommunale beredskapsråd. Råda er viktige for å sikre samordning av beredskapsplanlegging og nettverksbygging lokalt. Det er viktig å sikre at næringslivet og frivilligheita vert inkludert.

Statsforvaltaren har utarbeidd ein «totalforsvarspakke» som etter planen skal gjennomførast i alle kommunale beredskapsråd innan utgangen av 2026. Formålet med pakken er å auke kunnskapen om den tryggleikspolitiske situasjonen og stimulere til aktivitet i dei kommunale beredskapsråda. Vi ser at der er viktig å dele erfaringar med bruk av råda på tvers av kommunane, og hadde difor med oss Kvam herad som orienterte om korleis dei nyttar sitt beredskapsråd til å bli kjent, skape felles situasjonsforståing, samordne planverk og øve saman. Vi fekk òg høyre frå Bjørgvin bispedøme om kva dei kan bidra med i det lokale beredskapsarbeidet.

Ei gruppe personar sett bakifrå i eit konferanserom, men ein person som står fremst i rommet og presenterer med ein stor skjerm på veggen.
Domprost Gudmund Waaler snakka om kyrkjas rolle i beredskap. Foto: Ingrid Elde.

Digitale angrep

Neste tema for samlinga var digitale angrep. Beredskapssjef i Bergen kommune, Agnar Tveten, delte om korleis kommunen har handtert konsekvensane av dataangrepet på ein av sine underleverandørar (Extend AS) i sommar, der store mengder intern informasjon kom på avvege.

I etterkant av innlegget deltok Tveten i ein paneldiskusjon saman med digitaliseringsdirektør Kjetil Årøy og assisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen, der viktige tiltak for å sikre god beredskap knytt til digitale hendingar var tema. Tveten understreka behovet for å ha beredskap for korleis ein kunne levere kritiske tenester sjølv om IT-system ikkje er tilgjengelege, og at ein må ha merksemd på evna til å raskt kunne gjenopprette eiga verksemd. Når det gjeld arbeidet med å sikre dei digitale systema, vart NSM sine grunnprinsipp for IKT-tryggleik trekte fram som sentrale.

Det er viktig at kommunane inkluderer digitale angrep i sine analysar av risiko og sårbarheit, og har beredskapsplanar for korleis dei skal handtere bortfall av digitale system. Statsforvaltaren er i gang med å utarbeide eit felles regionalt tiltakskort for digitale angrep, der vi har som mål å tydeleggjere forventningar og varslingslinjer.

Øving og evaluering

Kommunane er pålagde å gjennomføre jamlege øvingar og evaluere etter hendingar og øvingar. Desse aktivitetane er viktige ledd i det kontinuerlege arbeidet med å forbetre arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Jon Even Myre frå Kinn kommune fortalde om korleis dei arbeider med øving og evaluering. Han trekte m.a. fram at det er viktig å evaluere så raskt som mogleg etter ei øving.  

Vegen vidare: Totalforsvarsåret 2026

Haavard Stensvand avslutta samlinga med å orientere om totalforsvarsåret 2026. Målet med totalforsvarsåret 2026 er å planlegge saman, jobbe saman og øve saman for eit trygt Noreg. Det vil m.a. bli gjennomført fleire øvingar, og utarbeidd ein rettleiar for kommunane si rolle i krig.

Det skjer mykje i arbeidet med det norske totalforsvaret, og det er viktig at vi planlegg og øver saman. Statsforvaltaren oppmodar om å nytte eksisterande arenaer for å diskutere utfordringsbilete i totalforsvaret og kva det kan betyr for den enkelte kommune, og at avdekte problemstillingar og innspel vert løfta til oss.

Takk til alle som deltok og bidrog til ei interessant fagsamling!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar