Ekstremvêret Amy råkar Vestland

Det er venta svært kraftig vind og mykje regn i helga, særleg fredag kveld og natt til laurdag. – Vi oppmodar om å sikre eller rydd vekk lause gjenstandar. La bilen stå, og hald deg gjerne inne, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete.

Publisert 03.10.2025

Vi må vere budde på at straum og telekommunikasjon kan bli borte i kortare periodar. Sjå gjerne over eige beredskapslager og lad opp telefon og batteribank. 

Ved ekstremvêr er det viktigaste å halde seg oppdatert på råda frå myndigheitene, særleg gjennom varsom.no og vegvesen.no.

Samordningsmøte mellom kommunane, naudetatane og andre beresdskapsaktørar

Møtet skal sikre lik forståing av situasjonen, deling av informasjon og samordne kommunikasjons- og beredskapsbodskap. 

Her kan du lese referatet frå samordningsmøtet i dag 3. oktober, der Meteorologisk institutt (MET), Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE), KDSane, NKOM, DSB Nødnett, vegeigarar, naudetatane, kommunane og andre beredskapsaktørar i Vestland.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.