Tilskot til truga naturtypar

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Slåttemark er ein av dei truga naturtypene som du no kan søkje tilskot til.
Slåttemark er ein av dei truga naturtypene som du no kan søkje tilskot til. Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI, og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2018.

Publisert 18.12.2020

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald
  • Restaurering
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak
  • Gjerding
  • Kartleggjing og overvaking knytt til tiltak

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og til informasjon om naturtypane.

I 2021 vil tiltak i utvalde naturtypar og truga naturtypar der kunnskapsgrunnlaget er godt, bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
Ansvarlig:
Fylkesmannen