Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande skular

Søknadsfrist:
15. mai 2022
Målgruppe:
Elevar i vidaregaånde skular og lærlingar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn
Ansvarlig:
Statsforvaltaren
Hvem kan søke:
Fylkeskommunen, og frittståande vidaregåande skular som er godkjent etter friskulelova.

Føremålet med tilskotet er å bidra til at vidaregåande elevar og lærlingar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn, får opplæring i kvensk og finsk som andrespråk.

Publisert 03.02.2022

Fylkeskommunen, og frittståande vidaregåande skular som er godkjent etter friskulelova, kan søkje om tilskot for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk.

  • Søknadsfrist for inneverande skuleår er 15. mai
  • Elevlister med telledato 2. mai skal leggast ved søknaden
  • Send søknaden til Statsforvaltaren

Lenke til Elevlister og oppsummeringsskjema.

Berekning av tilskot

Tilskotet bereknast med ein timesats per fylke og per frittståande vidaregåande skule.

Tilskot bereknast slik:

  • Den einskilde skule delar elevane i tilskotsgrupper på inntil 5 elevar per språk (kvensk eller finsk) og per årstrinn
  • Kvar tilskotsgruppe blir tildelt læreplanen sin timeplan for kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring

Tilskotet blir utbetalt i to like delar i juni og oktober.

Dette må du rapportere

Det er ingen spesielle krav til rapportering ut over dei opplysningane som blir henta inn i søknad om statstilskot.

Ta kontakt med Statsforvaltaren ved eventuelle spørsmål om tilskotsordninga.

Søknadsfrist:
15. mai 2022
Målgruppe:
Elevar i vidaregaånde skular og lærlingar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn
Ansvarlig:
Statsforvaltaren
Hvem kan søke:
Fylkeskommunen, og frittståande vidaregåande skular som er godkjent etter friskulelova.

Kontaktpersoner