Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg
- Søknadsfrist:
- Løpende
- Målgruppe:
- Personar mellom 16-18 år som oppheld seg lovleg i landet, og søker opphald eller familiegjenforeining , sjå utdjuping i artikkel.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunane og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2022
Det er no mogleg å søkje om tilskot til finansiering av arbeidet med å gje barn og unge som søker opphald i Noreg opplæring. Tilskotet rettar seg inn mot barn frå 16 til 18 år, og gjeld både grunnskule- og vidaregåande opplæring.
For å oppfylle vilkåra for tilskotet må eleven opphalde seg lovleg i landet, og det må bli gjeve opplæring etter læreplanverket for grunnskulen eller vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av skuleåret, kan eleven fullføre gjeldande skuleår og kommunen/fylkeskommunen får tilskot for vedkommande i denne perioden. Omfanget på tilskotet er regulert i satsar pr. elev, og elevane blir talde den første kvar månad. Tilskotsmottakarane vil bli refundert på bakgrunn av ein søknad som dokumenterer ovannemnte forhold, og vil vidare bli utbetalt ein gong i halvåret.
Søknadsfrist
Det er kommunane og fylkeskommunen som søkjer, og søknadane blir behandla fortløpande. Du kan sende ein eventuell søknad til Statsforvaltaren i Vestland sitt postmottak, eller via våre heimesider.
Vi har ein løpande søknadsfrist.
Målgruppe
Personar mellom 16-18 år som oppheld seg lovleg i landet, og søker opphald eller familiegjenforeining som:
- er over opplæringspliktig alder, men som treng grunnskuleopplæring
har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i opplæringslova, men som
-har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring
- har fullført grunnskuleopplæring, og derfor har rett på vidaregåande opplæring etter § 3-1 i opplæringslova
Regelverk
- Søknadsfrist:
- Løpende
- Målgruppe:
- Personar mellom 16-18 år som oppheld seg lovleg i landet, og søker opphald eller familiegjenforeining , sjå utdjuping i artikkel.
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunane og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2022